Samuel Kleinschmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samuel Petrus Kleinschmidt (27. februar 18148. februar 1886), fødd i AlluitsoqGrønland, død i Noorliit / Ny Herrnhut, på Grønland) var ein tysk herrnhutermisjonær og språkforsker på Grønland. Han var som av den tyske misjonæren Konrad Kleinschmidt og den danske kona hans, Christina Petersen. I og med at han var fødd på Grønland med tysk far og dansk mor vart Kleinschmidt trespråkleg.

Samuel Kleinschmidt spelte ei avgjerande rolle for utviklinga av grønlandsk då han publiserte ei grønlandsk–tysk ordbok og ein grammatikk (i 1851) og samtidig utarbeidde ei grønlandsk rettskriving, som vart ståande til 1973. Kleinschmidt sin grammatikk er framleis ei sentral kjelde for arbeidet med grønlandsk grammatikk.

Han laga også den første omsetjinga av Bibelen til grønlandsk. Han vart lærar på seminariet i Nuuk i 1859 etter at fleire konfliktar med kyrkjelyden hans førte til at han fekk avskjed derifrå. Etter at han vart sagt opp, arbeidde Kleinschmidt på Seminariet i Nuuk.

Arbeidet hans var prega av vitskapleg grundigheit og ei open interesse for det grønlandske. Han sa: «Af tilbøjelighed er jeg grønlandsk».

I Nuuk er ein skole kalla opp etter han.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kleinschmidt, Samuel 1968 (1851): Grammatik der grønlændischen Sprache : mit teilweisem Einschluss des Labradordialekts. Hildesheim : Olms, 1968.
  • Kleinschmidt, Samuel 1858: Nunalerutit, imáipoĸ: silap píssusianik inuinigdlo ilíkarsautínguit (Geografi, det er: Ei lita bok om verda og menneska). nûngme (Godthåb/Nuuk) 1858. 28,-50 8º
  • Kleinschmidt, Samuel 1871: Den grønlandske ordbog / omarbeidet af Sam. Kleinschmidt ; udgiven paa foranstaltning af Ministeriet for Kirke- og Underviisningsvæsenet og meddet kongelige danske Videnskabernes Selskabs understøttelse ved H.F. Jørgensen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Wilhjelm, Henrik 2001: “Af tilbøielighed er jeg grønlandsk” : om Samuel Kleinschmidts liv og værk. Det grønlandske selskabs skrifter ; 34. København : Det Grønlandske Selskab, 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]