Ordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Færøsk Anthologi, den første færøyske ordboka av V. U. Hammershaimb og Jakob Jakobsen.

Ei ordbok er eit oppslagsverk som inneheld eit utval av orda i eit språk eller ein språkvariant. Ho fortel korleis ein stavar orda og gjev gjerne bøyingar, uttalehjelp, eksempel på bruk og ordsoga, eller etymologien, til orda. Ordboka gjev enten ei forklaring av kva tyding ordet har, på same språk, eller, dersom det er ei ordbok mellom ulike språk, ho gjev tilsvarande ord eller eit forklarande uttrykk på det andre språket. Orda i ei ordbok er som regel ordna alfabetisk eller i ei tilsvarande rekkefølge basert på uttale.

Ordbøker kan ha som mål å skildra alle ord som er blitt dokumentert brukte i eit visst språkområde nokon gong, eller kan konsentrera seg om eitt enkelt fagfelt.

Det vert skilt mellom ordbøker og leksikon. Ordbøker fortel om ord og kva tyding dei har, mens leksikon fortel om ting, om kva dei er. Det er òg mogleg å kombinere ordbøker og leksikon i same oppslagsverk, dei blir kalla sakordbøker. Ordlister skil seg frå ordbøker ved at dei ikkje gjev tyding, saksopplysningar eller omsetning av oppslagsorda, men berre oppslagsforma, evt. med grammatisk informasjon. Ordlister er ofte normative, som Svenska Akademiens ordlista över svenska språket, som gjev opplysning om korrekt skrivemåte og bøying av det svenske ordforrådet.

Typar av ordbøker[endre | endre wikiteksten]

Firspråkleg ordbok med ord på tysk, latin, jiddisk og hebraisk.

Ordbøker kan delast inn etter ulike kriterium. Dei kan delast inn etter rekkjevidde, i allmennordbøker og spesialordbøker, som tar opp berre delar av ordforrådet. Dei kan delast inn etter om ordboka tar for seg eit bestemt språksteg (t.d. i dag), eller etter om ho dokumenterer utviklinga av ordforrådet over tid. Ordbøker kan vere deskriptive eller normative, men i praksis vil ofte også deskriptive ordbøker bli oppfatta normativt av brukarane. Det er vanleg å dele ordbøker inn etter talet på objektspråk i ordboka (eitt, to, eller fleire).

Tospråklege ordbøker blir delt inn i resepsjonsordbøker og produksjonsordbøker. Den første typen er laga for at brukaren skal kunne forstå tekst på framandspråket, den andre typen for at ho eller han skal kunne produsere tekst på framandspråket. Dei tospråklege ordbøkene mellom norsk og dei store skolespråka som blir gjeve ut for norske skoleelevar og studentar er gode døme på dette: Den engelsk-norske ordboka er ei produksjonsordbok, og den norsk-engelske ordboka er ei resepsjonsordbok. Ingen av desse ordbøkene er skrive for engelske brukarar. Mellom to ulike språk trengst det med andre ord fire ordbøker; eitt sett resepsjonsordbøker og produksjonsordbøker den eine vegen, og eit tilsvarande sett den andre. For andre språkpar enn dei som kan selje til ein skolemarknad, er det som regel ikkje ressursar til å lage fleire typar ordbøker, slik at ei og same ordbok må oppfylle fleire ulike funksjonar. Dei tospråklege ordbøkene nedanfor (Cannelin, Berkov) er gode døme på ordbøker som klarer å ta omsyn til begge behova til begge brukargruppene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den kinesiske ordboka Shuo wen zhen ben

Ei av dei eldste ordbøkene me kjenner var skriven på latin under keisar Augustus. De Significatu Verborum (Om meining av ord) var samla av Verrius Flaccus og har overlevd fram til i dag i forkorta utgåve. Boka inneheldt vanskelege og arkaiske ord som var illustrerte med sitat frå tidlege romerske forfattarar.

Shuo wen jie zi frå tidleg på 100-talet var den første ordboka over kinesisk. Forfattaren Xu Shen ordna orda etter radikalar.

Dei første norske ordbøkene kom ut på 1600-talet. Termini Juridici av Jens Bjelke som kom ut i 1634 var ei juridisk ordbok som forklarte norske lovtermar på dansk og latin. Ti år seinare kom Den Norske Dictionarium eller Glosebog av Christen Jensøn, med ord og uttrykk frå Sunnfjord forklarte på dansk. Ivar Aasen var den første som samla inn og systematiserte det norske ordforrådet. Ordbog over det norske Folkesprog frå 1850 skulle vera grunnlag for eit nytt norsk skriftspråk.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende tospråklege ordbøker[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende einspråklege ordbøker[endre | endre wikiteksten]

Definisjonsordbøker[endre | endre wikiteksten]

NEO er eit pionerarbeid innanfor definisjonsordbøker, som bruker eit lite definisjonsordforråd til å gje tydinga til oppslagsorda på ein svært fin måte. Eit internasjonalt døme på det same, men med eit ikkje like stramt oppbygd definisjonsordforråd, er LDOCE. Den første utgåva av COBUILD (frå 1987) representerte ein leksikografisk revolusjon, i og med at eksempelmaterialet var tatt berre frå attestert tekst, heller enn frå konstruerte eksempel.

Ordbøker med innslag av ensyklopedisk informasjon og synonymi[endre | endre wikiteksten]

Desse ordbøkene er primært skrivne for einspråklege brukarar. Dei legg dermed mykje vekt på det desse brukarane legg vekt på, på normative aspekt, på etymologisk informasjon, på synonym, og på ensyklopedisk informasjon, og i langt mindre grad på tydingar, slik som i definisjonsordbøker.

Store historiske ordbøker[endre | endre wikiteksten]

Dette er ordbøker som går over fleire titals band, og mange tiår, til og med hundreår. Målet for desse og tilsvarande ordbøker er å dokumentere bruken av ordforrådet i språket. Ein del av lemmaartikkelen i desse ordbøkene er dokumentasjon av første belegg, av dialektutbreiing, osb.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Bergenholtz, Henning, Ilse Cantell, Ruth Vadtvedt Fjeld, Dag Gundersen, Jón Hilmar Jónsson, Bo Svensén 1997: Nordisk leksikografisk ordbok. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Nielsen, Sandro: «Anmeldelse af ordbøger». I: LexicoNordica 10-2003, 27-44.
  • Nielsen, Sandro: «The Effect of Lexicographical Information Costs on Dictionary Making and Use». I: Lexikos 18-2008, 170-189.
  • Svensén, Bo: Handbok i lexikografi : ordböcker och ordboksarbete i teori och praktik. Stockholm: Norstedt.
  • Ivar Aasen og ordbøker av Dagfinn Worren