Samuel L. Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samuel L. Jackson
Samuel L Jackson at San Diego ComicCon 2008.jpg
Fødenamn Samuel Leroy Jackson
Fødd 21. desember 1948 (69 år)
Washington
Yrke Skodespelar, filmprodusent
Aktive år 1972–no
Ektefelle LaTanya Richardson (gift 1980)
Born Zoe Jackson
Nettstad SamuelLJackson.com
Samuel L. Jackson på Commons

Samuel Leroy Jackson (fødd 21. desember 1948) er ein amerikansk skodespelar og filmprodusent. Han blei kjend og kritikarrost tidleg på 1990-talet gjennom filmar som Jungle Fever (1991), Patriot Games (1992), Amos & Andrew (1993), True Romance (1993), Jurassic Park (1993) og samarbeidet sitt med regissøren Quentin Tarantino i Pulp Fiction (1994), Jackie Brown (1997), Django Unchained (2012), og The Hateful Eight (2015). Jackson er ein særs produktiv skodespelar som har spelt i over 100 filmar, som Die Hard with a Vengeance (1995), Unbreakable (2000), Shaft (2000), The 51st State (2001), Black Snake Moan (2006), Snakes on a Plane (2006), i Star Wars-prequel-trilogien (1999–2005) og i Marvel Cinematic Universe.

Han har også spelt stemma i ei rekkhe animerte filmar, inkludert rollene som Lucius Best/Frozone i Pixar-filmen The Incredibles (2004), Mace Windu i Star Wars: The Clone Wars (2008), Afro Samurai i den animerte tv-serien Afro Samurai (2007), og Frank Tenpenny i dataspelet Grand Theft Auto: San Andreas (2004).

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Jackson vart fødd i Washington D.C. som son av Elizabeth (fødd Montgomery) og Roy Henry Jackson.[1] Han vaks opp som einebarn i Chattanooga i Tennesee.[2] Han blei oppseda av mora, som jobba på fabrikk og seinare som innkjøpar for eit psykiatrisk sjukehus, og av hennar slektningar.[3][4] Faren hans budde vekke frå familien i Kansas City i Missouri, og døydde seinare av alkoholmisbruk. Jackson fekk berre møtt faren sin to gonger i løpet av livet.[3][5]

Jackson var elev ved fleire rasesegregerte skuler.[6] Han gjekk til sist ut frå Riverside High School i Chattanooga. I skuletida spelte han trompet og valthorn i skuleorkesteret.[7] Gjennom barndomen hadde han ein problem med stamming. Han lærte å takla mykje av stamminga gjennom å «lata han var andre folk som ikkje stamma» og ved å bruka bannordet «motherfucker» som bekrefting.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Finding Your Roots». google.ca. Henta May 18, 2015. 
  2. (Fee required)Samuel Jackson Figures He Owes His Success to Morgan Freeman, March 2, 1993, http://nl.newsbank.com/nl-search/we/Archives?p_product=NewsLibrary&p_multi=DSNB&d_place=DSNB&p_theme=newslibrary2&p_action=search&p_maxdocs=200&p_topdoc=1&p_text_direct-0=0F360727929D68D9&p_field_direct-0=document_id&p_perpage=10&p_sort=YMD_date:D&s_trackval=GooglePM, henta January 24, 2010 
  3. 3,0 3,1 «Episode #8.15». Inside the Actors Studio. June 2, 2002. nr. 15, sesong 8.
  4. Kay, Karen (October 13, 2004), From coke addict to golf addict: How Samuel L Jackson found salvation on fairways to heaven, London, http://www.independent.co.uk/sport/golf/from-coke-addict-to-golf-addict-how-samuel-l-jackson-found-salvation-on-fairways-to-heaven-543591.html, henta May 10, 2009 
  5. Rochlin, Margy (November 2, 1997), Tough Guy Finds His Warm and Fuzzy Side, http://www.nytimes.com/1997/11/02/movies/film-tough-guy-finds-his-warm-and-fuzzy-side.html, henta May 10, 2009 
  6. Beale, Lewis (June 11, 2000), Clean Break With the Past – Samuel L. Jackson went from addict to Hollywood star, http://www.nydailynews.com/archives/entertainment/2000/06/11/2000-06-11_clean_break_with_the_past_sa.html, henta January 25, 2010  (dead link April 2012)
  7. «Samuel L. Jackson Biography». tiscali. Henta May 10, 2009. 
  8. Vineyard, Jennifer (June 4, 2013). «Which Curse Word Does Samuel L. Jackson Credit With Stopping His Stutter?». Vulture.com. New York Media, LLC. Henta June 17, 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]