San Antonio
| San Antonio | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Delstat Fylke |
USA Texas Bexar County | |
| Mayor | Julian Castro | |
| Flatevidd | 1 208,777336, 1 208,780268 km² | |
| Flatevidd • By |
1067,3 km² | |
| Innbyggjarar • By (1. april 2020) - folketettleik |
1 144 646 1 084,4/km² | |
| Høgd | 198 m | |
| Tidssone | CST (UTC-6) | |
| Nettstad: https://www.sa.gov/ | ||
| Nettstad: www.sanantonio.gov | ||
|
| ||
San Antonio er ein by i delstaten Texas og hovudsete for Bexar County. Ifølgje folketalsestimata for 2004 har byen 1 236 249 innbyggarar, noko som gjer byen til den åttande største i USA, og den nest største i Texas. San Antonio har likevel ingen store forstader utanom byen, og reknar ein med slike er Dallas temmeleg mykje større.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området var først folkesett av indianarar som kalla området Yanaguana, «forfriskande vatn». Då spanjolane kom til området i 1691, var det festdagen til helgenen Antonius av Padua, derifrå kjem namnet San Antonio. «Mission San Antonio dei Valero» blei etablert i 1718. Slaget ved Alamo fann stad i nærleiken av byen i 1836, og byen har sidan vakse rundt slagstaden. Alamo er i dag ein av dei mest kjende turistattraksjonane i byen.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til turistindustrien, har ei rekke storbedrifter hovudkvarter i byen. AT&T er det største teleselskapet i USA, i tillegg har ein petroleumsbedriftene Valero og Tesoro, finansinstitusjonane USAA og Frost National Bank, medie- og reklamebedrifta Clear Channel, forskingsinstitusjonen Southwest Research Institute og daglegvarekjeda H-E-B. Det store sjukehuset South Texas Medical Center har òg hovudsjukehuset sitt i byen. Blant dei mange utdanningsinstitusjonane i San Antonio er den største San Antonio greina til University of Texas.
