University of Texas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
University of Texas
UT Tower.jpg
University of Texas at Austin logo.svg
Grunnlagt1883
Studentar40 804

University of Texas (forkorta UT) er eit universitetssystem med ni universitet og seks medisinske forskings- og lærestader i Texas i USA. Vanlegvis viser namnet til flaggskipsinstitusjonen University of Texas at Austin (forkorta UT Austin), som er eit til doktorgrads- og forskingsuniversitet i Austin i Texas. Universitetet er del av kvalitetsmessig svært høgt rangerte Public Ivy-universiteta i USA. Universitet blei danna i 1883.

Til universitetet høyrer blant anna dei fagleg særs anerkjende University of Texas School of Law, McCombs School of Business, og Lyndon B. Johnson School of Public Affairs, som òg husar Lyndon B. Johnson Library and Museum til minne om den 36.presidenten av USA.

Hovudlokala til skulen ligg ikkje langt frå Texas State Capitol i Austin.

Biblioteka ved UTA har 8,937 millionar titlar, som gjer det til det tiande største biblioteket i USA (2006).[1]

Lærestader og skular[endre | endre wikiteksten]

Universiteta omfattar:

  • University of Texas at Arlington (1895) – 24 825 studentar
  • University of Texas at Austin (1883) – 49 697 studentar
  • University of Texas at Brownsville, and Texas Southmost College (1973, 1926, fusjon 1991) – 15 688 studentar
  • University of Texas at Dallas (1961) – 14 523 studentar
  • University of Texas at El Paso (1914) – 19 842 studentar
  • University of Texas at San Antonio (1969) – 28 380 studentar
  • University of Texas at Tyler (1971) – 5 926 studentar
  • University of Texas of the Permian Basin (Odessa (1973) – 2 695 studentar
  • University of Texas–Pan American (Edinburg (1927) – 17 337 studentar

Dei medisinske institusjonane omfattar:

  • University of Texas Health Science Center at Houston – 3 399 studentar
  • University of Texas Health Science Center at San Antonio – 2 754 studentar
  • University of Texas M. D. Anderson Cancer Center (Houston) – 89 studentar
  • University of Texas Health Center at Tyler
  • University of Texas Medical Branch (Galveston) – 2 255 studentar
  • University of Texas Southwestern Medical Center at Dallas – 2 350 studentar
    • University of Texas Southwestern Medical School

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. American Library Association, The World Almanac side 404.