Sandøyfjorden på Sørøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sandøyfjorden (samisk Sáttovuotna) er ein fjord på nordsida av Sørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 15 km sørover til Straumen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stålet i vest og Skarvnæringen i aust. Han er kalla opp etter Sandøya som ligg midt i fjorden og her ligg det enkelte hus på austsida av øya. På austsida av fjorden, aust for Sandøya ligg gardsbruka Skarvfjord og Hønsby. Skarvfjord ligg ved innløpet til den vesle fjordarmen Skarvfjorden. Vest for Sandøy ligg dei djupe vågane Ytre og Indre Reppa.

Den indre delen av Sandøyfjorden vert kalla Sandøybotn. Her finn ein òg fleire småbruk. Koppardal ligg i ein våg på vestsida, og lengst inn i fjorden finn ein Fiskenes, Oterurda, Mebotn og Storely. Straumen er ein smal våg som strekkjer seg heilt inn til botn av fjorden. Her ligg òg den vesle fjordarmen Båtsfjorden.

Fjorden er 165 meter på det djupaste, like nord for Sandøya. Koordinatar: 70°46′15.910″N 22°59′10.122″E