Sandringham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandringham
landsby
Sandringham - geograph.org.uk - 1062504.jpg
Land Flag of England.svg England
Wikimedia Commons: Sandringham, Norfolk

Sandringham er ein landsby og eit verdsleg sokn i Norfolk i England. Landsbyen ligg cirka to km sør for landsbyen Dersingham, 12 km nord for byen King's Lynn og 60 km nordvest for Norwich.[1]

St. Mary Magdalene Church i Sandringham
Sandringham and West Newton Church of England Primary School i Sandringham.

Det verdslege soknet strekkjer seg vestover frå Sandringham til kysten The Wash, omtrent 6 km unna, og inkluderer òg landsbyane West Newton og Wolferton. Området er 41,91 kvadratkilometer stort. I 2001 hadde det totalt 402 innbyggjarar i 176 hushald. Ved folketeljinga i 2011 hadde folketalet auka til 437.[2]

Sandringham er mest kjent for den kongelege eigedommen Sandringham House der fleire engelske kongelege har feriert, mellom anna dronning Elisabeth II. Det kongelege stutteriet Royal Stud, der mange av dei kongelege hestane held til, ligg i nærleiken.

Prinsesse Diana av Wales vart fødd i Park House på Sandringham-eigedomen i 1961.

Kjende personar frå Sandringham[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordnance Survey (2002). OS Explorer Map 250 - Norfolk Coast West. ISBN 0-319-21886-4.
  2. «Civil parish population 2011». Henta 29 August 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sandringham