The Wash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 52°55′N 0°15′E

The Wash sett frå Heacham
Kart over the Wash

The Wash er ei stor bukt på austkysten av England. Ho ligg på grensa mellom Norfolk og Lincolnshire, og dannar eit estuar av fleire elver som renn ut her: Witham, Welland, Nene og Great Ouse. Med ei lengd på kring 30 km og ei breidd på kring 20 km er The Wash det største estuaret i Storbritannia.[1]

The Wash er eit viktig naturområde, og omfattar fleire naturreservat. Store mudderflater og saltmyrer er viktige trekk- og overvintringsområde for ei rekkje fuglar, som tjeld, myrsnipe og tundralo. Gråsel lever og ynglar her.[2]

Byar som Skegness, Boston, King's Lynn og Hunstanton ligg ved The Wash.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med England å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.