Sandstad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også tettstaden Sandstad.
Kommunegrensene som delte dei fire Hitra-kommunane fram til 31.12.1963.

Sandstad var ein tidlegare kommune på øya Hitra i Sør-Trøndelag. Kommunen var ein del av Hitra formannskapsdistrikt då dette blei oppretta i 1837, og som omfatta dei noverande Hitra kommune og Frøya kommune. 1. januar 1877 blei Frøya utskild som eigen kommune. Sandstad var ein del av Fillan kommune då denne kommunen blei skild frå Hitra 1. januar 1886.

1. juli 1914 blei Sandstad skild ut frå Fillan som eigen kommune med 947 innbyggjarar.

1. januar 1964 blei Sandstad, som då hadde 1.028 innbyggjarar, slått saman med Fillan kommune, Hitra kommune og Kvenvær kommune til den nye Hitra kommune.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]