Sani Abacha
Utsjånad
| Sani Abacha | |||
| Fødd | 20. september 1943 Kano i Nigeria | ||
|---|---|---|---|
| Død | 8. juni 1998 (54 år) | ||
| Statsborgar av | Nigeria | ||
| Parti | partilaus | ||
| Religion | Islam | ||
| Yrke | politikar, militær, offiser | ||
| Utdanna ved | Mons Officer Cadet School | ||
| Ektefelle | Maryam Abacha | ||
| Barn | Mohammed Abacha | ||
| Alle verv | |||
Sani Abacha (20. september 1943–8. juni 1998) var ein nigeriansk offiser og politikar. Han var de facto president i Nigeria frå 1993 til han døydde i 1998.
Abacha hadde militær utdanning frå Storbritannia og Nigeria, og gjekk inn i det nigerianske forsvaret i 1963, der han oppnådde grad som general. Han var aktiv i militærkuppa i 1983 og 1985, og etter kuppet i 1985 vart han utnemnd til stabssjef for hæren. I 1990 vart han utnemnd til forsvarsminister. I 1993 gjennomførte han sjølv eit statskupp og utropte seg sjølv til president. Abacha døydde 54 år gamal av eit hjarteåtak i 1998.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Abacha» i Caplex.
- Denne artikkelen bygger på «Sani Abacha» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.