Nigeria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Federal Republic of Nigeria

(norsk: Nigeria, nigeriansk)

Det nigerianske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Arise Oh Compatriots, Nigeria's Call Obey»
Motto Peace and Unity, Strength and Progress ('Fred og eining, styrke og framsteg')
Geografisk plassering av Nigeria
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Abuja
Styresett
Republikk
Goodluck Jonathan
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
923 768 km² (31.)
1,4 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
170 123 740 (7.)
184,2 /km² (53.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. oktober 1960
Nasjonaldag 1. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
369 800 mill. USD (31.)
2 400 USD (151.)
Valuta Naira
Tidssone UTC +1
Telefonkode +234
Toppnivådomene .ng


Nigeria er ein republikk i Vest-Afrika, og det folkerikaste landet i Afrika med opp mot 130 millionar innbyggjarar. Landet grensar til Niger i nord, Benin i vest, Tsjad i nordaust og Kamerun i søraust. Den tidlegare britiske kolonien har vore demokratisk sidan 1999 etter seksten år med ulike militærdiktatorar og kupp.

Landet har fått namn etter elva Niger, som er den lengste i landet, sett saman med area (engelsk for 'område'). Dette namnet blei føreslått av koloniredaktøren Flora Shaw i The Times i 1897.

Kart over Nigeria

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nigeria har eit klima som liknar Guineakystlanda i vest, der den intertropiske konvergenssona fører til regntid når ho flyttar seg nordover (mars-mai) og sørover igjen (oktober-desember). Berre dei nordlegaste områda, Sahelområdet, har savanneklima, med middeltemperaturar 30–35 °C i mars–april, som er de varmaste månadene. I januar–februar er middeltemperaturane 20–24 °C. Årsnedbøren her er 500-1000 mm.

Låglandet rundt Nigerdeltaet har rundt 3000 mm i året og ein årsmiddeltemperatur kring 27 °C, men somme stader kan få nær 4000 mm. Det regner mest august–oktober, minst desember–februar. Lagosområdet får minst nedbør av kystområda, men den høge fukta i samband med høge temperaturar, gjev eit klamt klima. Store delar av landet, og særleg dei nordlege områda vert råka av den nordaustlege harmattanvinden kvar vinter. Den kan føre med seg mykje støv og sand som set ned sikta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nigeria
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Nigeria» på Wikipedia på bokmål/riksmål.