Sankt Jakob im Rosental

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Soknekyrkja i St. Jakob med Karavankane i bakgrunnen

Sankt Jakob im Rosental er ein kommune i Villach-Land i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 78,6 km² og i kring 4 300 ibuarar. Kommunesenteret St. Jakob ligg 480 meter over havet.

Kommunen, som ligg på nordsida og ved foten av fjellkjeda Karavankane, er delt opp i 21 krinsar. Landsbyen St. Jakob er den mest folkerike med 651 fastbuande i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]