Karavankane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karavankane
fjell
none  Utsyn over den austlege delen av Karavankane frå Stol/Hochstuhl
Utsyn over den austlege delen av Karavankane frå Stol/Hochstuhl
Land {{landdata Flag of Slovenia.svg Slovenia landflagg2 namn = Flag of Slovenia.svg Slovenia variant = storleik =

}}

Fjellkjede Dei sørlege kalksteinsalpane
Høgd Hochstuhl / Veliki Stol (2 236 moh) moh
Koordinatar 46°26′03″N 14°10′24″EKoordinatar: 46°26′03″N 14°10′24″E
Wikimedia Commons: Karawanks

Karavankane (tysk Karawanken, slovensk Karavanke) er ei fjellkjede på grensa mellom Slovenia og Austerrike. Fjellkjeda er 120 km lang og er den lengste enkeltståande fjellkjeda i Europa.

I lag med Kamnik-Alpane dannar Karavankane ei naturleg grense mellom Austerrike og Slovenia. Fleire fjellovergangar fungerre som viktige handelsruter over fjella. Ein av dei, Loiblpasset på 1370 meter over havet, har vore nytta sidan førhistorisk tid. I dag er det bygd tunnellar for både veg og jernbane under Karavankane mellom Beljak/Villach og Jesenice.

Karavankane har mange gode høve for fjellklatring og det ligg mange fjellhytter her. Frå mange av toppane er det flott utsyn over Klagenfurt-området i Austerrike og Ljubljana-området i Slovenia. Den austerrikske sida er berglendt og bratt, medan den slovenske sida er mindre bratt og dekt av granskog og låge furubuskar i dei lågare liggande områda.

Største fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karavankane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]