Hopp til innhald

Sanktpeterskjerm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sanktpeterskjerm
Sanktpeterskjerm
Sanktpeterskjerm
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Crithmum
Art: Sanktpeterskjerm C. maritimum
Vitskapleg namn
Crithmum maritimum

Sanktpeterskjerm (Crithmum maritimum) er ein plante i skjermplantefamilien, som veks ved kysten. Han er utbreidd ved Svartehavet og Middelhavet og nordover langs atlanterhavskysten til Dei britiske øyane. I Noreg er han nyleg innvandra, seinast rundt år 2000, men utan å vera spreidd av menneske. Han vert spreidd nordover med havstraumane. Spreiinga av sanktpeterskjerm nordover er rekna som ein sterk botanisk indikasjon på klimaendringar. Fordi det er funne få reproduserande individ i Noreg, er arten her rekna som truga, men han er truleg i vekst.[1]

Frø

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]