Nasjonal raudliste for truga artar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Norsk Raudliste)
Gå til: navigering, søk

Nasjonal raudliste for truga artar er eit oversyn over artar av organismar som er vurderte å ha risiko for å kome bort innanfor grensene av eit land. Medlemslanda av Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) kan gje ut slike nasjonale raudlister.

Det blir utarbeidd nasjonale og regionale lister samt ei global raudliste innanfor systemet til organisasjonen IUCN.[1] Det er soleis IUCN sine kriterium og kategoriar som blir brukte til vurderingane, dei nasjonale raudlistene er derfor på linje med den globale raudlista med omsyn på bruk av kategoriar. Men einskildartar kan falle inn i ulike kategoriar avhengig av land og region, og kan ofte vere vurdert å ha mindre risko for utrydding gobalt enn regionalt og nasjonalt.


Norsk nasjonal raudliste[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 2006 har Artsdatabanken utarbeidd og publisert den nasjonale raudlista for Noreg i tre suksessive utgåver, 2006, 2010 og 2015-utgåva. Vurderingane blir gjort saman med vitenskaplege institusjonar og andre med faglig spisskompetanse. Til dømes for 2015-utgåva, deltok 24 ekspertkomitéar med 90 medlemmer. Tidlegare hadde Direktoratet for naturforvalting ansvar for den norske nasjonale raudlista.

Gjeldande norsk nasjonal raudliste

er frå 2015. Lista inneheld no 4438 artar totalt for Fastlands-Norge og norske havområde. 16 477 andre artar har blitt vurterte og kategoriserte som livskraftige.[2][3]

Kategoriar for Norsk raudliste[endre | endre wikiteksten]

Raudlisteartar
  • Utdøydd – EX (extinct)
  • Utdøydd i vill tilstand – EW (extinct in the wild)
  • Regionalt utdøydd – RE (regionally extinct)
  • Kritisk truga - CR (critically endangered)
  • Sterkt truga - EN (endangered)
  • Sårbar – VU (Vulnerable)
  • Nær trua – NT (Near threatened)
  • Datamangel – DD (Data deficient)
Truga artar
  • Kritisk truga - CR (critically endangered)
  • Sterkt truga - EN (endangered)
  • Sårbar – VU (Vulnerable)
Andre kategoriar
  • Livskraftig - LC (least concern)
  • Ikkje egna - NA (not applicable)
  • ikkje vurdert - NE (not evaluated)

Tidlegare nasjonale raudlister[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Red List Methodology
  2. Norsk rødliste for arter 2015 Nettside hos Artsdatabanken, lest 19. mars 2016
  3. Henriksen S. og Hilmo O. (red.) 2015. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Norge, lest 19. mars 2016
  4. Norsk rødliste for arter 2010, nedlastingsside hos Artsdatabanken, lest 19. mars 2016
  5. Norsk rødliste 2006, nedlastingsside hos Artsdatabanken, lest 19. mars 2016
  6. Norsk rødliste 1998, nedlasting hos SABIMA (Samarbeidsrådet for biologisk mangfold), lest 19. mars 2016