Santana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santana i 1971
Carlos Santana

Santana er ei musikkgruppe danna i San Francisco i 1967, kjend for sine mange utgjevingar av såkalla latinrock. Gruppa baserer sin musikk på komposisjonar og gitarspelet til grunnleggjaren, den leiande musikaren Carlos Santana.

Santana vart lagd merke til då gruppa framførde sin versjon av rockemelodien Soul Sacrifice ved Woodstock-festivalen i 1969. Kort etter festivalen fekk gruppa gitt ut sitt fyrste album, også kalla Santana, som vart ein stor suksess. Dei neste to åra kom dei suksessrike albuma Abraxas og Santana III.

Dei neste åra var det vanleg med skifte av musikarar i Santana. Carlos Santanas aukande interesse for tankane til guruen Sri Chinmoy leia gruppa over meir esoterisk musikk, men utan å fjerne seg heilt frå ein latinamerikansk musikkstil.

Santana har vorte tildelt åtte Grammy-prisar og tre Latin Grammy-prisar. Carlos Santana vart både i 1989 og 2003 tildelt Grammy-prisar som solo-artist.

Gruppa Santana har seldt meir enn 90 million musikkalbum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]