Santiago Bernabéu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santiago Bernabéu i Madrid

Santiago Bernabéu er eit fotballstadion i Madrid med plass til 81 044 tilskodarar. Stadion vart opna 4. desember 1947 og renovert i 1982 og 2001. Ei rekke storkampar har vorte arrangert på Santiago Bernabéu, mellom dei finalane i europameisterskapen 1964 og verdsmeisterskapen 1982. Stadion er heimebane til det spanske storlaget Real Madrid.

Høgste publikumstalet på Santiago Bernabéu, 129 690, var til stades då Real Madrid møtte AC Milan i semifinalane under Europacupen 1956, den aller fyrste europacupturneringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]