Saponin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I biokjemien er saponin ei undergruppe av glykosida, det vil seie molekyl med to distinkte kjemiske delar der den eine er ein sukkerart og den andre ein annan type substans.

Saponina liknar glykosida kjemisk, men har eigenskapen at dei skummar i vatn. Namnet saponin kjem frå latin sapo, som tyder «vaske». Saponin kan vere årsak til hemolyse ved kontakt med blod og kan derfor vere giftige. På grunn av denne effekten har saponina historisk vore brukte som pilegifter, då den giftige verknaden berre kjem ved injeksjon. Ved inntak gjennom munnen vert saponinet hydrolysert på same måte som glykosidet. Dei finst mest i frukter som forsvarsmekanisme, men kan finnast i heile planta i varierande mengd. Potetbær er giftige grunna innhaldet av saponin.

Ginseng (Panax ginseng), den kanskje mest kjende medisinplanta i notida, inneheld saponin som verksamt stoff. Saponina vert òg brukt for slimhinnene og som slimløysar i naturmedisinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]