Saqqaqkulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Saqqaqkulturen (oppkalla etter bygda Saqqaq, der ein har gjort mange arkeologiske funn) er den nest eldste kjende sivilisasjonen på Grønland. Han eksisterte frå omkring 2500 f.Kr. til 800 f.Kr. primært på det sørlege Grønland. Denne kulturen eksisterte samstundes med Independence I-kulturen på Nord-Grønland (som utvikla seg omkring 2400 f.Kr. og varte inntil 1300 f.Kr.). Etter at Saqqaq-kulturen forsvann oppstod Independence II-kulturen på Nord-Grønland og Tidleg Dorset-kulturen på Vest-Grønland.

Saqqaqkulturen kom frå Canada til Vest-Grønland. Kulturen forsvann på uklart vis som følgje av kaldare klima.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Hans Christian Gulløv, Claus Andreasen, Bjarne Grønnow, Jens Fog Jensen, Martin Appelt, Jette Arneborg og Joel Berglund: Grønlands forhistorie; 1. udgave, 2. oplag; Gyldendal, København 2005; ISBN 87-02-01724-5
Nettstader