Sara Cold Frimann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sara Cold Frimann (17141800) vart fødd på Romedal i Hedmark, og vart etter kvart prestefrue i Selje. Ho vart tidleg enkje, men dreiv garden vidare, heldt ein fiskebåt med mannskap og eige notbruk attåt, og fekk inntekter frå både torske- og sildefiske. På denne måten klarte ho å kosta utdanning på alle dei fire sønene sine.

Prostedotter og prestefrue[endre | endre wikiteksten]

Sara var dotter av prost Isaac Cold. Cold-ætta hadde både rikdom og makt i Noreg. Sara vart trulova med Peder Harboe Frimann frå Selje medan han var kapellan på Nannestad. Dei gifta seg i 1745 og flytta til prestegarden i Selje. Mor til Peder, Anna Harboe Frimann, budde i lag med dei på prestegarden.

Klok kone[endre | endre wikiteksten]

Sara vart kjend for å vere raus og godhjarta, og for å vere lækjarkunnig. Mange sjuke og fattige søkte råd hjå henne, og ho hjelpte dei etter beste evne med mat og medisinar. Sara hadde også fått god opplæring i vev, saum og måling heime, og dette var noko ho gjerne lærde andre unge kvinner i soknet.

Forfattaren H.J. Birch skreiv om Sara Cold Frimann i boka Galleri af berømte fruentimmer frå 1793 både på grunn av desse eigenskapane, men også fordi ho klarte å kosta utdanning på alle sønene sine, noko som ikkje var vanleg på den tida.[1] Dei fire fekk gå i skule med huslæraren til den nye soknepresten, Peter Angell.

I boka om sonen Claus Frimann frå 1955 refererer Kaare Støylen til Birch sin tekst og skriv sjølv: Sara Cold Frimann bør i vår kulturhistorie finne sinn plass ved siden av prestekoner som Gustava Kielland og Hanna Winsnes[2]

Økonomisk sans[endre | endre wikiteksten]

Økonomisk samanlikna Birch truleg Sara med andre kvinner frå same klasselag og ikkje med andre enkjer i Selje på den tida. Som preste-enkje fekk Sara ei årleg gasje. Det ryktast at det var godt torskefiske i Skårfjorden desse åra, så ho tente nok godt på notbruket. Sara Cold Frimann delte hushald med den velståande svigermora i 24 år.

Dikterinde[endre | endre wikiteksten]

Sonen Claus Frimann ga Sara tittelen Dikterind då han averterte dødsfallet i Bergens Adresse-Contoirs Efterretninger 21. februar 1800. Ho hadde sans for poesi og skreiv sjølv dikt. Ho inspirerte sønene Claus og Peter som begge skreiv dikt og songar.

Det er to vers att av det Sara dikta[3]:

Velkommen her på Sildens Land
af salten Sø, du Vandringsmand.
Takk Gud som dig ledsager.
Lad nu goddædigt Hjerte se
mod den nødtrængte fattige
som Gaver her modtager.
Da vores Bøn til Himles Gud
av Hjertets Grund skal flyde ud:
Du glad til Hus må komme
og siden du i Himmerig
hvor Storm og Vind ei skader dig,
må samles blandt de fromme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Birch, H.J. (1793) Billedgallerie for Fruentimmer: indeholdende Levnetsbeskrivelser over berømte og lærde danske, norske og udenlandske Fruentimmere.
  2. Støylen, Kaare (1955) Claus Frimann, Almuens Sanger 1746-1829.
  3. Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane: Sara Cold Frimann