Romedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romedal
tettstad
Romedal kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Stange
Areal 0,49 km²
Folketal 733  (2023)
Folketettleik 1 496 / km²
Postnummer 2334 ROMEDAL
Kart
Romedal
60°45′0″ N 11°16′0″ E
Wikimedia Commons: Romedal

Romedal er ein tettstad i Stange kommune, og ein tidlegare kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Staden har 733 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg sju kilometer austom kommunesenteret Stangebyen.

Romedal var frå 1837 til 1963 ein kommune i Hedmark, med eit areal på 385,3 km².

Bygda, som høyrer til flatbygdene på Austlandet, har ein todelt topografi. Nordvestdelen, hovudsoknet Romedal, er «eit lågt bakkeland, 140-200 moh. silurskifer, mest alunskifer, grorsam 'Svartjord'»[1] og tettbygde jordbruksstrok. Resten av bygda, Vallset sokn, er mykje skogkledd med åsar, myrar og vatn. I heile Romedal er det 116 vatn, høgste punktet er Årekjølen på 623 meter over havet, heilt i søraust.

Folketalet i Romedal var 2787 i 1801. I 1865 budde 4928 menneske i kommunen, men deretter fall folketalet til 4593 i 1900, før det atter auka til i kring 6500 i tida frå kring 1950, då folketilveksten stoppa opp. Romedal kommune vart slått saman med Stange til den nye Stange kommune 1. januar 1964. Romedal hadde ved samanslåinga 6 441 innbyggjarar. Tettstaden Ilseng ligg i Romedal krins. Jønsberg landbruksskule ligg i Romedal. Ein romedøl er ein person som bor innanfor dei gamle kommunegrensene.

Romedal kyrkje ligg tre km nordvest for tettstaden Romedal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. *Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960 spalte 701-2
Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.