Sarnoff Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 77°10′S 145°0′W
Sarnoff Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 77°10′S 145°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Sarnoff Mountains is located in Antarktis
Sarnoff Mountains (Antarktis)

Sarnoff Mountains er ei fjellkjede i Ford Ranges i Marie Byrd Land. Fjellkjeda er 46 km lang og 15 km brei med Boyd- og Arthurbreen som renn vestover. Dei vart grovt kartlagd frå flyfoto tekne av Byrd Antarctic Expedition (1928–30) den 5. desember 1929. Fjellkjeda vart kartlagd i større detalj av Byrd Antarctic Expedition (1933–35) og United States Antarctic Service (USAS) (1939–41), alle leia av kontreadmiral Richard E. Byrd. Ho er kalla opp etter David Sarnoff, som var direktør i RCA (Radio Corporation of America), og som gav radioutstyr til ekspedisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sarnoff Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).