Sartrouville

Koordinatar: 48°56′24″N 02°10′48″E / 48.94000°N 2.18000°E / 48.94000; 2.18000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sartrouville
Rådhuset i Sartrouville
Rådhuset i Sartrouville
Rådhuset i Sartrouville
Byvåpenet til Sartrouville
Byvåpenet til Sartrouville
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Yvelines
Geografi
Flatevidd 8,46 km²
Flatevidd
 - By

8,46 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

52 400
  6 194/km²
Koordinatar 48°56′24″N 02°10′48″E / 48.94000°N 2.18000°E / 48.94000; 2.18000
Diverse anna
Heimeside: www.sartrouville.fr

Sartrouville er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 17,1 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og like over 50 000 innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Sartrouville kjem frå det mellomalderlatinske Sartoris Villa. Tydinga av dette vert framleis diskutert. Enkelte meiner at namnet kjem av det romerske slektsnamnet Saturus (kanskje ein gallo-romersk landeigar), og tyder «eigedomen til Saturus». Andre meiner at ordet sartoris kjem frå det mellomalderlatinske perfektum partisippet exsartum («rydda for dyrking»), som gjev tydinga «eigedomen til landryddarane», ein referanse til avskoginga som fann stad rundt Sartrouville i antikken eller tidleg i mellomalderen for å kunne dyrke jorda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]