Saturnalia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saturnalia (1783) av Antoine Callet.

Saturnalia var ei romersk midtvinterfeiring vigd guden Saturnus. Festen vart halden over fem dag frå 17. desember kvart år. Saturnalia var ei livat og drukken feiring, der den sosiale rangstigen vart snudd opp ned.[1] Slavar kunne få fri, likestillast med eller tenast av herrane sine.[2] Romarane gav kvarandre gjerne gåver under denne festen, alt frå symbolske små gåver som vokslys eller småfigurar til rike gåver frå keisaren til embetsmennene.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Saturnalia» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 4. juni 2015.
  2. John F. Miller, «Roman Festivals». I The Oxford Encyclopedia of Ancient Greece and Rome (Oxford University Press, 2010), p. 172.