Scrabble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Scrabble bruker ein bokstavbrikker, eit stativ til å setja dei på og eit spelebrett.

Scrabble er eit brettsspel der deltakarane skal lage ord ut av bokstavar dei får utdelt. Bokstavane står på 98 bokstavbrikker som vert lagde ut på eit kvadratisk brett med 225 felt.

Spelet byrjar med at spelarane trekkjer om tur – spelaren som trekkjer brikka nærast A i alfabetet, byrjar. Denne brikka vert så lagd attende, før spelarane trekkje sju 7 bokstavar som han kan bruke til å skrive ord på to eller fleire bokstavar. Når han har lagd eit ord på brettet, trekkjer han like mange nye brikker som han har lagt ut.

Dei brikkene han legg ut skal saman med brikker som alt er lagde, danne meiningsgjevande ord.

Kvar bokstav har sin poengverdi. Poengverdiane varierer frå land til land – til dømes gjev C-brikka 3 poeng i engelsk Scrabble, 4 poeng i tysk, 8 poeng i dansk og 10 poeng i norsk.

Spelet vert seld i meir enn 120 land i 29 språkvariantar. I mange land er det nasjonale tevlingar i scrabblespel. I Noreg vert spelet utgjeve av Mattel.

Reglar for norsk Scrabble[endre | endre wikiteksten]

Etter regelheftet skal berre ord som står i ei stor norsk ordbok, og bøyingsformer av desse orda, godkjennast. Mange vel likevel å godta ordsamansetjingar som ikkje er å finne i ei ordbok.

Kvar bokstavbrikke er oppført med eit poengtal. Spelaren får poeng for kvart ord han legg ut frå poengtalet som er knytt til kvar bokstav. Vanlege bokstavar, som A og E, gjev eitt poeng, medan sjeldnare bokstavar, som Y og Æ, gjev seks poeng. Bokstavane Q, X og Z er ikkje med. Nokre felt på brettet gjev dobbel eller trippel poengverdi for bokstavane som ver lagde på feltet. Andre felt gjev dobbel eller trippel poengsum for orda som felta inngår i.

  • 1 poeng: A (7×), D (5×), E (9×), I (5×), L (5×), N (6×), R (6×), S (6×), T (6×)
  • 2 poeng: F (4×), G (4×), K (4×), M (3×), O (4×)
  • 3 poeng: H (3×)
  • 4 poeng: B (3×), J (2×), P (2×), U (3×), V (3×), Å (2×)
  • 5 poeng: Ø (2×)
  • 6 poeng: Y (1×), Æ (1×)
  • 8 poeng: W (1×)
  • 10 poeng: C (1×)

Strategi[endre | endre wikiteksten]

Dersom ein spelar legg ut alle sju brikkene i ein gong, får han ein bonus på 50 poeng. Dette er lettast tidleg i spelet.

Elles er dei stutte tobokstavsorda limet mellom ord som vert lagde inntil kvarandre. Difor er det ein god strategi å lære seg mange tobokstavsord. Det er òg lurt å lære seg nokre ord med C eller W, dette er ord folk ikkje brukar så mykje til kvardags, og bokstavane gjev mange poeng.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Scrabble