Alfabet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit alfabet er ei samling teikn som står for ulike lydar eller fonem i eit språk. Alfabet er ein undertype av skriftsystem der vokalar og konsonantar har unike symbol, det finst også andre skriftsystem.

Det latinske alfabetet blir brukt til å skriva mellom anna alle vesteuropeiske språk, mellom dei norsk.

Alfabet i den vitskaplege tydinga av ordet har ulike bokstavar for konsonantar og vokalar som kan stå for lydar direkte (slik som a), eller kombinerast til nye lydar (slik som ng). Nokre skriftsystem inneheld berre konsonantar, dei blir i faglitteraturen kalla abjadar, etter dei første bokstavane i det arabiske alfabetet, medan andre viser vokalar som enkle diakritiske teikn rundt konsonantane.

I stavingsbaserte skriftsystem uttrykker kvart symbol stavingar (som so, ro). Det finst også skriftsystem som er basert på logogram, symbol som refererer til leksikalske røter, og står for meining.

Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA) vert brukt til å representera lydskrift. Andre fonetiske alfabet er Norvegia, Dania og Svenska landsmålsalfabetet (for norske, danske og svenske dialektar), og det finsk-ugriske alfabetet (for uralske språk, som t.d. samisk og nenetsisk).

Ordet alfabet kjem frå dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa (α) og beta (β).

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.