Sedesvakans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sedesvakans eller Sede vacante eller er ei nemning på perioden når eit (geistleg) embetssete står tomt (vakant) i påvente av val eller oppnemning av ein ny person. Det blir brukt særleg om bispesete i perioden mellom to biskopar, men kan òg brukast om andre embete.

Den heilage stolen[endre | endre wikiteksten]

Våpen for Den heilage stolen under sedesvakans

Om pavestolen bruker ein omgrepet i perioden frå ein pave døyr og til ein ny pave er vald. Blant dei katolske bispeembeta er paveembetet eit særtilfelle, fordi pavane med nokre ytst få unntak sit inntil dei døyr, slik at det oppstår sedesvakans. For andre bispesete enn Roma skal biskopen normalt få avløysing når helsa byrjar å svikte eller han oppnår ein viss alder. Dersom perioden med sedesvakans vert lengre enn nokre veker, går han over til å vere eit interregnum. Hovudskilnaden er at under ein vakans er dei aller fleste styrefunksjonar sett ut av spel, medan under eit interregnum må fleire funksjonar fyllast på irregulært vis. Siste gongen Den katolske kyrkja erklærte interregnum, var perioden frå 10. november 1241 til juni 1243.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]