Hopp til innhald

Sekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon frå eit engelsk oversyn frå 1647 over kristne sekter som skulle vera falske og farlege. Øvst frå venstre: jesuittar, Welsh blasphemer (blasfemikar frå Wales som hevdar at han er Kristus), arminianistar, arianistar, adamittar (som vil gjenskapa tilstanden før syndefallet gjennom å vera nakne), Libertin eller antinomians (libertinar, fritenkjar eller antinomist; bilde av ein mann som vil hogga sund dei ti bodrda), Antescripturians (som ikkje rekar Bibelen som ein heilag autoritet), Soul sleepers (som trur på «sjelesøvn», det vil seia at døde søv fram til gjenoppståinga), anabaptistar, Familists (Familia Caritatis), Seekers (Legatine-Arians, forløparane for kvekarane) og Divorcers (fråskilde; ein mann som slår kona si)

Sekt er ei undergruppe av eit større meinings- eller trussamfunn som vanlegvis har skild seg ut frå ei større gruppe. Nemninga blir særleg brukt om religiøse samansluttingar som har en avvikande truvedkjenningar, dogme eller rituale i høve til ei større, meir etablert rørsle, men også om andre flokkar eller særgrupper, til dømes politiske sekter og mindre grupperingar med meiningar som skil seg frå det rådande synet i eit parti. Nemninga kan ha nedsetjande tyding.