Selena Gomez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selena Gomez

Selena Marie Gomez (fødd 22. juli 1992 i Grand Prairie i Texas) er ein amerikansk skodespelar og songar. Ho er best kjent for å spele Alex Russo i Wizards of Waverly Place. I 2008 skreiv Gomez under kontrakt med Hollywood Records, og debutalbumet hennar Kiss & Tell vart lansert hausten 2009. Seinsommaren 2010 stod ho bak kleskolleksjonen Dream Out Loud. Ho vart i 2008 talsperson for UNICEF. I september 2009 vart ho verdas yngste UNICEF-ambassadør.

Første år og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Selena Gomez vart fødd i Grand Prarie i Texas i USA. Mor hennar er den tidlegare teaterskodespelaren Amanda Dawn Teefey, medan far hennar er Ricardo Joel Gomez. Gjennom foreldra stammar ho frå italienske og mexikanske røter. Då Selena i 1997 var 5 år gammal skilde foreldra hennar seg. I 2006 gifta mor hennar seg på nytt, med Brian Teefey. Han er Gomez's personlege livvakt, medan mora er manageren hennar.

På 7-årsdagen hennar i 1999 var Selena på audition for ei rolle i barneserien Barney & Friends. Det vart seinare bestemt at ho skulle ha ei av hovudrollene i sesong 7 og 8 av serien. Demi Lovato, ein av Gomez's beste vener, spelte Angela i same serie. Før ho fekk rolla som Alex Russo i Wizards of Waverly Place hadde Gomez ei rekke gjesteroller i tv-seriar og filmar. Blant anna var ho med i Spy-Kids 3D:Game Over frå 2003 og i Brain Zapped i 2006. Same året var ho med i tre episodar av Suit Life Of Zack & Cody.

Skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Den første rolla hennar var som karakteren Gianna i Barney & Friends. Tidleg i 2004, då ho var 11 år, vart ho oppdaga av ein talentspeidar frå Disney. I 2007 dukka ho opp i 3 episodar i Hannah Montana som Mikayla, som er Hannahs poprival. 2007 var også det året då ho fekk rolla ho er mest kjent for, som Alex Russo i serien Wizards of Wavery Place. Den siste episoden blei sendt i januar 2012, men allereie 27.september same år blei det bekrefta at det ville kome ein spesialepisode. Episoden, som blei sendt på Disney Channel 15.mars 2013, har fått namnet Wizards return: Alex vs. Alex.

Gomez spelte Mary Santiago i filmen Another Cinderella Story i 2008. Dette var den første store rolla ho fekk etter at ho byrja å spele Alex Russo i serien Wizards of Waverly Place. I 2009 hadde Selena ein gjesterolle i ein episode frå sesong 1 av Sonny with a chance der ho spelte seg sjølv. Selena Gomez gjorde sin teatralske debut i 2010 som karakteren Beezus i filmen Ramona & Beezus. Filmen er basert på bøkene om Ramona. I 2011 hadde ho rollene som Grace Bennet og Cordelia Winthrop-Scott i filmen Monte Carlo. der ho spelte saman med blant andre Leighton Meester og Katie Cassidy. Ho hadde stemma til karakteren Mavis i den animerte filmen Hotel Transylvania frå hausten 2012 . Våren 2013 hadde Selena Gomez rolla som Faith i Oppdrag Nemo.

Selena Gomez & The Scene[endre | endre wikiteksten]

I 2008 stifta Gomez bandet Selena Gomez & The Scene. 29.september 2009 lanserte dei debutalbumet Kiss & Tell. Den første singelen frå albumet, Falling Down blei lansert 25.august 2009. Musikkvideoen til singelen kom ut 28.august 2009. I desember same året kom den andre singelen frå albumet, Naturally, ut saman med ein musikkvideo.

Bandet sitt andre studioalbum, A year without rain blei lansert 17.september 2010. Round & Round var den første singelen frå albumet som blei lansert. Den kom ut 18.juni 2010. 7.september 2010 den andre singelen, A year without rain, ut. Bandet lagde òg ein musikkvideo til singelen, som kom ut 3.september det året. Det blei i november 2010 lansert ein spansk versjon av musikkvideoen.

I mars 2011 kom singelen Who Says ut. Singelen var frå Selena Gomez & The Scene sitt tredje studioalbum When the sun goes down. Singelen er per mars 2013 bandet sin mest populære singel, med høge plasseringar på blant andre Hot 100 lista. 28.juni kom albumet When The Sun Goes Down ut. I juni vart den andre singelen, Love You Like A Lovesong, lansert, saman med ein musikkvideo. Hit The Lights, bandet sin tredje singel frå albumet, kom ut i november 2011.

Etter eit heilt år med pause frå musikken byrja Gomez seint i 2012 på sitt fjerde studioalbum. I mars 2013 fortalde ho at den første singelen frå albumet,Come & get it, ville bli lansert i april same år.

We Own The Night Tour er per mars 2013 bandet sin mest suksessrike turnè. Dei tente 2,7 millionar amerikanske dollar på turnèen, som varte frå 24.juli 2011 til 11.februar 2012. Selena Gomez & The Scene har òg hatt to andre turnèar, Selena Gomez & The Scene Live og A Year Without Rain Tour.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknader
2002-2004 Barney & Friends Gianna
2003 Små Spionar 3-D: Game Over Jente i vannparken
2006 The Suite life of Zack and Cody Gwen 1 episode
2006 Brain Zapped Emily Grace Garcia Hovudrolle
2007-2008 Hannah Montana Mikayla 2 Episodar
2007-2012 Wizards of Waverly Place Alex Russo Hovudrolle
2008 Another Cinderella Story Mary Santiego Hovudrolle
2009 Prosjekt Prinsesse Carter Mason/Prinsesse Mason Disney Channel original
2009 Magikerne på Waverly Place, the movie Alex Russo Hovudrolle
2010 Ramona & Beezus Beezus Hovudrolle
2011 Monte Carlo Grace Bennet/Cordelia Winthrop-Scott Hovudrolle
2012 Hotel Transylvania Mavis stemme
2013 Spring Breakers Faith Hovudrolle

Musikk[endre | endre wikiteksten]

  • «Everything is Not What it Seems», introen på Wizards of Waverly Place, vart framført av Selena Gomez
  • Selena Gomez song òg nokre songar i Barney & Friends
  • Ho song òg ein song med tittelen «Brain Zapped», for filmen Brain Zapped
  • Songen og musikkvideoen «Cruella dei Ville», som er bonusmateriale på 101 Dalmatinere (2008).
  • «Fly to your heart» har ho òg sunge, med tilhøyrande musikkvideo for Tinkerbell Movie
  • «Tell me something I dont know!» (Another Cinderella story)
  • «One and the same» (saman med Demi Lovato) for filmen Prosjekt Prinsesse.
  • «Magic» til Wizards of waverly place the movie
  • «Falling Down», hitsingelen frå debutalbumet "Kiss & Tell"

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]