Selja Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Selja Forlag er eit norsk forlag, skipa i 1996 med kontor i Førde i Sogn og Fjordane. Den første boka som kom ut på forlaget handla treffande nok om klosterruinane på Selja. Selja var i eldre tider eit senter for heile vestlandskysten, og namnet skal gje uttrykk for at Selja Forlag er eit forlag for heile Vestlandet.

Forlaget gjev ut i snitt mellom seks og åtte bøker kvart år; og til no har dei fleste hatt tema frå Sogn og Fjordane. Til saman har forlaget gjeve ut meir enn 100 bøker.

Forlaget har tre tilsette, Torkjell Djupedal, Grethe Eithun og Anne Britt Sandøy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]