Sen to Chihiro no kamikakushi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sen to Chihiro no kamikakushi (千と千尋の神隠し), kalla Chihiro og heksene på norsk, er ein japansk anime-film frå 2001. Filmen er regissert av den japanske anime-regissøren og manga-teiknaren Hayao Miyazaki, og laga ved Studio Ghibli.

Filmen vann Oscar for beste heilaftans teiknefilm på den 75. årlege Academy Award-seremonien i 2003, og vann prisen for beste animasjon frå National Board of Review of Motion Pictures, Los Angeles Film Critics Association og New York Film Critics Circle. Han delte fyrstepremien gullbjørnenBerlin filmfestival i 2002 med Paul Greengrass sin film, Bloody Sunday.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Filmen handlar om den vesle jenta «Chihiro Ogino» som flyttar til landet med foreldra, «Akio» og «Yūko». Under flyttinga køyrer dei seg vill og oppdagar ein tunnel, og av rein nysjerrigheit går dei inn, uvitande om at den faktisk er ein inngang til åndeverda - blant anna til eit badehus der åndene og gudane (inspirert av den shintōistiske religiøse tradisjonen) dreg for å kvile og slappe av. Familien går inn i det som tilsynelatande er ein forlaten fornøyelsespark full av restaurantar, og «Chihiro» sine foreldre finn seg med ein gong ein stad å ete og forsyner seg av maten. Gjennom ein serie med forviklingar må «Chihiro» finne seg arbeid i badehuset til åndene for å redde seg sjølv og foreldra ut av åndeverda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]