Shinto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av ein rev (kitsune) ved eit tempel til Inari, shintoguden for ris, te, grøde og rikdom.

Shinto (japansk 神道, shintō) eller shintoisme er ein japansk religion med før-buddhistiske røter. Shinto er eit polyteistisk system som legg vekt på bøn og ritual. Sentralt står trua på kami, gudar eller ander som kan finnast i alt og vyrdast. Kamiar kan representera alt frå naturfenomen og skaparkrefter til forfedrar og keisarar. I løpet av historia har shintoisme og japansk buddhisme påverka kvarandre slik at shintogudar og buddhafigurar blei sameinte i mange tempel, eller at ein kan dyrka guddommar frå den eine religionen i tempel frå den andre.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leeming, David (2001), «Shinto», A Dictionary of Asian Mythology, Oxford University Press, henta 16. mars 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Shinto
Spire Denne religionsartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.