Senlis
Senlis | |
---|---|
Notre-Dame de Senlis | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Hauts-de-France Oise |
Geografi | |
Flatevidd - By |
24,05 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
17 192 715/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 76 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Postnummer | 60300 |
Heimeside: www.ville-senlis.fr |
Senlis er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Oise i regionen Hauts-de-France, og har om lag 17 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 50 km nord for Paris.
Senlis ligg ved elva Nonette, som er ei sideelv til elva Oise.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Senlis var først ein gallo-romersk busetnad. Monarkane i det tidlege franske dynastiet budde her nær skogen Forêt de Chantilly og rådyra der. Dei bygde eit slott over den gamle romerske busetnaden. I 987 kalla erkebiskopen av Reims, Adalberon, i saman ei samling og bad dei velje Hugo Capet som konge av Frankrike. Monarkane i Frankrike forlet derimot snart byen og heldt seg heller i Compiègne og Fontainebleau. Byen fekk nytt liv på 1100-talet og det vart bygd festningsvollar, men det gjekk så sakte nedover med byen igjen. I dag trekk byen til seg turistar på grunn av si lange historie og band til monarkiet.