Sentrifugalkopling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Senrifugalkopling i ei motorsag.

Sentrifugalkopling, eller sentripentalkopling, er ei kopling som nyttar sentripetalkrafta (populært kalla sentrifugalkrafta) for å kopla saman to akslingar. Drivakslingen har metallklossar som roterer inne i ein trommel festa til den drivne akslingen. Metallklossane vert haldne inne av fjører, slik at dei ved lågt turtal ikkje er i kontakt med den utanpåliggande trommelen. Akslingen med trommelen er då ikkje kopla saman med drivakslingen. Når turtalet på drivakslingen aukar overstig sentripetalkrafta den innoverretta krafta til fjørene og metallklossane vert pressa ut mot trommelen på den drivne akslingen, slik at han vert dregen rundt av drivakslingen.

Sentripetalkoplingar har den føremonen at ein ikkje treng koplingspedal/handtak. Om lasta stig brått slurar sentripetalkoplinga, slik at motoren ikkje stoggar. Sentripetalkoplingar vert nytta på snøskutrar, skuterar, motorsager, ryddesager, grasklypparar, grastrimmarar, og liknande reiskap.