Sentrum i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sentrum i matematikk er det punktet innanfor ei lukka kurve eller flate som halverer alle kordar som går gjennom det. Dei rette linjene som går gjennom sentrum vert òg kalla diameterar. Dei mest kjende kurvene med sentrum er sirkel, ellipse og hyperbel. Dei mest kjende flatene med sentrum er kule og ellipsoide.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]