Seramhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Seramhavet (mørkeblått)

Seramhavet er eit havområde i Indonesia. Seramhavet omfattar farvatna mellom øyane Aru, Seram, Buru, Obi og Ny-Guinea. Havområdet grensar mot Arafurahavet i aust, Bandahavet i sør og vest, og Molukkhavet og Halmaherahavet i nord.

Seramhavet er eit randhav til Stillehavet og dekker om lag 12 000 km² mellom Buru og Seram. Til liks med dei fleste andre indonesesiske innhava er grunnen i Seramhavet ujamn og bergrik, og svært tektonisk svært aktiv. På det djupaste er det 5 318 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]