Ny-Guinea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ny-Guinea
Geografi
LocationNewGuinea.png
Stad Melanesia
Koordinatar 5°20′0″S 141°36′0″EKoordinatar: 5°20′0″S 141°36′0″E
Areal 785 000 km²
Høgaste punkt Puncak Jaya (5 030 moh.)
Administrasjon
Land Papua Ny-Guinea
Land Indonesia
Provins Provinsen Papua
Vest-Papua

Ny-Guinea eller Papua er verdas nest største øy (etter Grønland) og ligg i Melanesia i Stillehavet, nord for Australia. Ho har rundt 7,3 millionar innbyggjarar, rundt 4,9 millionar i den sjølvstendige staten Papua Ny-Guinea aust på øya, medan 2,4 millionar på vestre delen høyrer til Indonesia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fysisk kart over øya.

Ei fjellkjede deler øya i ein nordleg og ein sørleg del. Fjellkjeda er over 1600 km lang, og den vestre delen har dei høgaste fjella i Oseania, opptil 4884 moh. Skoggrensa er rundt 4000 moh. og dei høgaste toppane har tropiske isbrear som har minka på grunn av klimaendringar. På nord- og sørsida finst også mindre fjellkjeder.

Den høgaste fjelltoppen er Puncak Jaya (4884 moh.), som ligg i Indonesia. Han er følgd av Puncak Trikora (4750 moh.) i same land Mount Wilhelm (4509 moh.) og Mount Giluwe (4 368 moh), begge i Papua Ny-Guinea.

Låglandet i nord og sør er store område dekt av regnskog, savanne, våtmark og nokre av dei største mangroveområda i verda. I det sørlege låglandet ligg nasjonalparken Lorentz, eit verdsarvområde. Dei viktigaste elvesystema på Ny-Guinea er Sepik, Mamberamo, Fly og Digul, som slynger seg gjennom landskapet og skaper store innsjøar og ferskvassmyrer.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå i høgda har Ny-Guinea eit varmt og fuktig klima året rundt, med årstider som følgjer nordaustmonsunen.

Økosystem[endre | endre wikiteksten]

Gråbrystkrondue er ein endemisk fugleart på Ny-Guinea.

Sjølv om Ny-Guinea utgjer under 0,5 % av jorda sin landmasse, har øya eit svært rikt biologisk mangfald, med mellom 5 og 10 % av artane i verda. Mange av dei er endemiske (finst berre på denne øya), og fleire tusentals er framleis ukjende for vitskapen. Det er skildra 284 pattedyrartar (195 endemiske), 578 hekkande fuglar (324 endemiske) og 282 froskar, eit tal ein reknar med minst vil dobla seg etterkvart som ein finn og skildrar fleire. Mange av dyra slekter på australske dyr, ettersom desse to landområda tidlegare høyrde til same kontinent. Dei blei først skilde av havstiging for 8-10 000 år sidan.

Øya har også eit rikt liv i havet, med 1200 artar fisk og 600 artar revbyggjande korall, dei sistnemnde rundt 75 % av dei som ein kjenner i heile verda.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Frå den årlege kultursamlinga Mt Hagen Cultural Show.
Foto: Jialiang Gao, 2008

Dei første menneska busette seg på Ny-Guinea for rundt 40 000 år sidan etter å ha vandra gjennom Søraust-Asia. Busetjarane trengde inn i innlandet og utvikla eit tidleg jordbruk med permakultur, vekstskifte og irrigasjon i bratt landskap med mykje nedbør (opptil 10 000 mm/år), mogleik for jordskjelv og tidvis frost. Noko seinare kom sjøfarande austronesiske folk frå Aust-Asia. Desse slo seg helst ned ved kysten.

Tradisjonelt var øya delt inn i opp mot tusen ulike stammegrupper som alle snakka ulike språk, og Ny-Guinea er kjend for eit stort språkleg mangfald. Ethnologue reknar med 1073 språk på heile øya (826 i Papua Ny-Guinea, 257 i Indonesia, og 12 språk begge stader).

Den koloniserte øya.

Dei første europearane kom til Ny-Guinea i 1521, i ein portugisisk ekspedisjon, men dei utforska henne først på 1700-talet. Nederland annekterte dei vestlege delane som Nederlandsk Ny-Guinea i 1828. Dette blei til den indonesiske provinsen Irian Jaya i 1969, som i 2003 blei delt i provinsane som no har namna provinsen Papua og Vest-Papua.

I 1884 oppretta britane, leia av John Moresby, Britisk Ny-Guinea søraust på øya, medan tyskarane oppretta Kaiser-Wilhelmsland i nordaust. I 1906 overførte Storbritannia kolonien sin som territoriet Papua til Australia, som under første verdskrigen også tok kontroll over den tyske delen av øya. I 1975 fekk dette området sjølvstende som Papua Ny-Guinea.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ny-Guinea
Spire Denne geografiartikkelen som har med historie og biologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.