Serekunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serekunda
by
Land  Gambia
Del av Gambia
Folketal 348 118 (2007)
Kart
Serekunda
13°26′00″N 16°40′00″W / 13.433333333333°N 16.666666666667°W / 13.433333333333; -16.666666666667
Wikimedia Commons: Serekunda

Serekunda er den største byen i Gambia.[1] Han ligg 13 km vest for hovudstaden Banjul,[2] tett på atlanterhavskysten. I 2007 hadde byen eit innbyggartal på cirka 348 118.[3]

Byen er kjend for marknadene sine, silkebomullstre, Black Cow-djembetrommer og ein brytearena. Nærliggande byar er Kanifing, Latrikunda, Sukuta og London Corner.

Serekunda ligg i hovudstadsområdet Greater Banjul Area (Banjul Division) i distriktet Kanifing.

Byen blei grunnlagd på 1600-talet i den portugisiske kolonitida, og blei utbygd på 1700- og 1800-talet av britane.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Introducing Serekunda & the Atlantic Coast». Lonely Planet. Henta 29. maiy 2014. 
  2. «Serrekunda Town, Gambia». Access Gambia. Henta 15. juli 2015. 
  3. «Gambia town information». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Serekunda