Sermitsiaq
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sermitsiaq (grønlandsk for 'sal-fjellet') er ei grønlandsk avis som kjem ut i Nuuk kvar fredag. Avisa er kalla opp etter fjellet Sermitsiaq ikkje langt frå Nuuk.
Sermitsiaq kom ut frå 21. mai 1958 som eit alternativ til den danskspråklege avisa Mikken. Ho var lokalavis for Nuuk fram til 1980-talet, då ho blei meir av ei riksavis.
I logoen sin skreiv avisa lenge namnet sitt etter Samuel Kleinschmidt si rettskriving, Sermitsiaĸ'. Seint på 2000-talet endra ho logoen til sermitsiaq.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sermitsiaq» frå Wikipedia på engelsk og «Sermitsiaq» frå Wikipedia på dansk, den 1. november 2009.
Fotnotar[endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Sermitsiaq si heimeside
Denne medieartikkelen som har med Grønland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.