Setesdølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdølen er ei avis som blir utgjeven i Bygland i Agder. Ho kjem ut på tirsdag og torsdag og blir skriven på nynorsk. Redaktør er Sigurd Haugsgjerd, som også er den største private eigaren. 49 prosent av av avisa tilhøyrer kommunane i Setesdal og 51 prosent er i privat eige.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Første prøvenummer av Setesdølen kom ut i juli 1974 i privatregi. Den 16. oktober 1974 vedtok fellesformannskapet i Setesdal at avisa skulle gjevast ut med kommunal støtte og at 1975 skulle vera et prøveår for avisa. Politikarane i Setesdal vedtok samstundes at avisa skulle ha tilhald på Bygland. 25. januar 1975 kom første ordinære utgåve av Setesdølen ut.[1] Den første redaktøren var Helge Arild Bolstad. I 1976 blei Sigurd Haugsgjerd ny redaktør, og han har hatt stillinga sidan.

I 1977 hadde Setesdølen 2 150 abonnentar. Talet har sidan auka. I 2018 hadde papiravisa eit opplag på 4 078 og kom ut to gonger i veka. Setesdølen har også eiga nettavis.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Bekreftea netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:[2]

  • 2006: 4 618
  • 2007: 4 618
  • 2008: 4 742
  • 2009: 4 824
  • 2010: 4 676
  • 2011: 4 635
  • 2012: 4 636
  • 2013: 4 553
  • 2014: 4 408
  • 2015: 4 192
  • 2016: 4 393
  • 2017: 4 145

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]