Hopp til innhald

Setning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Setning (fleirtyding).

Setning er ei språkleg ytring som følgjer grammatikalske reglar og kan stå åleine. Ei setning består typisk av minst eit verb, og i språk som krev det, også eit subjekt. Ulike setningar blir ofte skilde frå kvarandre gjennom pausar i tale og teikn og/eller mellomrom i skrift. I skrift med latinske bokstavar markerer ein byrjinga av ein setning med stor bokstav og slutten med eit skiljeteikn, som punktum.

«Nokre vener slåst» er ein typisk norsk setning med subjektet 'Nokre vener' og verbet 'slåst'. «Lo so», '[eg] det veit', er ein italiensk setning der subjektet er innforstått. «Aval én manaivi», 'ho [er] kona mi', er ein tamilsk setning der verbet er innforstått.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]