Shamal
Ein shamal er ein nordvestleg vind som bles over Irak og statane kring Persiabukta (inkludert Saudi Arabia og Kuwait). Han er ofte kraftig om dagen, men minkar om natta.[1] Vinden kan oppstå når som helst på året, hovudsakleg om sommaren, men stundom òg om vinteren.[1] Vinden fører ofte til store sandstorm ar som råkar Irak. Det meste av sanden er plukka opp i Jordan og Syria.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Shamal (wind)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 El-Baz, Farouk; R.M. Makharita. Gordon and Breach Publishers, red. The Gulf War and the Environment. s. 31–54. ISBN 978-2-88449-100-6. Henta 4. september 2011.