Shebaa-gardane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Shebaa-gardane

Shebaa-gardane (arabisk مزارع شبعا, Mazāri‘ Šib‘ā; hebraisk חוות שבעא, Havot Sheba‘a eller הר דוב, Har Dov) er eit lite, omstridd landområde på grensa mellom Libanon og Syria og dei israelskokkuperte Golanhøgdene. Området er kring 11 km langt og 2,5 km breitt.

Striden om kven som eig Shebaa-gardane kom delvis frå det mislukka styret til det franske mandatet, og seinare det libanesiske og syriske styret, som ikkje klarte å trekkje grensa mellom Libanon og Syria. Dokument frå 1920- og 1930-åra indikerer at innbyggjarane då betalte skatt til den libanesiske staten. Frå tidleg i 1950-åra til Israel okkuperte Golanhøgdene i seksdagarskrigen var det i røynda Syria som regjerte over området.[1]

I 1981 vart Shebaa-gardane annektert av Israel som ein del av Golanhøgdene, noko det internasjonale samfunnet ikkje har godtatt.[2] Regionen har opplevd mykje vald etter at Israel trekte seg ut av Libanon i mai 2000.[3] Hizbollah hevda at tilbaketrekkinga ikkje var fullført fordi Shebaa var på libanesisk - ikkje syrisk - territorium.[4] Etter å ha studert 81 forskjellige kart, konkluderte Dei sameinte nasjonane med at det ikkje var noko bevis for at det fråflytta jordbrukslandet var libanesisk.[5] Libanon har likevel ikkje gjeve opp kravet om territoriet. I august 2008 sa presidenten i Libanon, Michel Suleiman: «Nedteljinga for å frigjere resten av landet vårt har starta. Og i dag stadfestar eg at me vil nytte alle tilgjengelege og lovlege metodar til å oppnå dette målet».[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kaufman, Asher (2004). «Understanding the Sheeba Farms dispute». Palestine-Israel Journal 11 (1). Henta 24. mars 2014. 
  2. Israeli views on Shebaa farms harden, BBC
  3. Israel and Militants Trade Fire Across Lebanese Border New York Times
  4. Shebaa farms – nub of conflict
  5. Har Dov withdrawal not on the table
  6. Sana Abdallah (24. mars 2014). «Libanon to Release Statement on National Resistance, Hizbollah Weapons». Middle East Times. Henta 24. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Shebaa-gardane

Koordinatar: 33°17′N 35°42′E