Shehu Shagari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shehu Shagari
Shagaricropped.jpg
Fødd25. februar 1925
Shagari
Død28. desember 2018
Abuja
NasjonalitetNigeria
PartiNational Party of Nigeria
Yrkepolitikar
Utdanna vedBarewa College
BarnMuhammad Bala Shagari

Alhaji Shehu Usman Aliyu Shagari (fødd 25. februar 1925) er ein nigeriansk politikar. Han var president i Nigeria frå 1. oktober 1979 til 31. desember 1983.

Shagari vart fødd i delstaten Sokoto i det nordlege Nigeria, der han arbeidde som lærar. Han engasjerte seg i politikk, frå 1954 til 1958 var han medlem av nasjonalforsamlinga/repesentanthuset. 1958/59 arbeidde han som parlaments-sekretær for statsministeren, Tafawa Balewa. Utover i 1960- og -70-åra styrte Shagari fleire ulike departement i den nigerianske statsadministrasjonen.

Shehu Shagari under eit statsbesøki USA i 1980

Gjennom 1977–78 var Shagari med i forsamlinga som utarbeidde ei ny grunnlov for landet. Han var med å grunnleggje Nasjonalistpartiet (National Party of Nigeria). Ved presidentvalet i 1979 vart han vald til president i den såkalla II. republikk, og vart attvald i august 1983. Den 31. desember 1983 vart han styrta i eit nær «blodlaust» militærkupp leia av general Muhammadu Buhari. Shagari sat så i husarrest til 1986, og hadde sidan liten innverknad i nigeriansk politikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]