Shenick
Hopp til navigering
Hopp til søk
Shenick Island (irsk Oileán na Sionnach som tyder «Reveøya») er ei øy aust for Skerries i County Dublin i Republikken Irland. Ho er berre busett av selar som held til på vestsida av øya. I tillegg hekkar noko sjøfugl på øya. Ein kan nå øya med båt, men ved fjøre sjø kan ein gå over på sandbankane.
Ruinane av eit Martellotårn står på Shenick.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Shenick Island frå Engelsk Wikipedia .