Sic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sic (latin for 'slik') er ein merknad som indikerer at ei uvanleg staving eller ein skrivemåte for eit ord, ein frase eller eit sitat skal lesast eller skrivast på nøyaktig den måten det er vist (at det altså ikkje er ein stavefeil), og derfor ikkje skal rettast opp. Det fullstendige omgrepet er sic erat scriptum, 'slik var det skrive'.[1] Vi finn også den norskspråklege merknaden «(står så)» brukt på same måten.

Sic kan ha to forskjellige tydingar; anten var stavefeilen gjort frå før av personen ein siterer, men at det ville vere ukorrekt å rette opp feilen, eller at det berre ser ut til å vere ein feil, men faktisk er korrekt. Eit døme på det første har vi når Aasentunet på si nettside gir att ein salme av Elias Blix, og vil få fram at det er forfattaren, ikkje avskrivaren, som har valt å bruke hokjønnsartikkel her: «So held daa med sin høge Gjest / [...] Guds Folk ei (sic) fager Pintsefest!» [2]. Eit døme på det andre kan vere ein omtale av filmen «Gurin med reverompa»: «Men enkefru Stengenføhn-Gnad (sic) lar seg ikkje så lett vippe av pinnen og legg seg på hjul etter Solan og Ludvig [...]»

Sic kan òg nyttast ironisk, for å føre lesaren si merksemd mot ein dumskap eller på anna vis oppsiktsvekkande opplysning.

Hovudformålet med å bruke ordet er å unngå hyperkorreksjonar, det vil seie feilaktige rettingar, som tenkte korreksjonar eller endringar utført i teksten.

Mange trur at «sic» står for det engelske «spelled incorrectly» (stava feil), men det er ei mistyding, sjølv om «sic» ofte vert nytta til å peike ut ein uvanleg eller ukorrekt stavemåte.

Bruk i faste uttrykk[endre | endre wikiteksten]

Ordet sic er òg nytta i fleire faste latinske uttrykk:

  • «Sic transit gloria mundi» ('Slik svinner verdas herlegdom')
  • «Sic semper tyrannis» ('Slik går det alltid med tyrannar')
  • «Sic itur ad astra» ('Slik dreg ein til stjernerne'[3])

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Footnotes, 1, in opinion of November 15, 2012 in U.S. v. Bryant, Case No. 11-CR-20034. (Federal judge noted using variant spelling of Bryant's given name, "'sic erat scriptum'" in court document.)
  2. Ivar Aasen-tunet, nettside med tekstar av Elias Blix, arkivert frå originalen 17. august 2016, henta 12. januar 2016 
  3. Aeneiden bok IX, linje 641