Sichuanmandarin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sichuanesisk
Fire dialektgrupper innan sichuanesisk

Sichuanmandarin eller sichuanhua eller sichuanesisk (forenkla kinesisk: 四川话; tradisjonell kinesisk: 四川話; pinyin: Sìchuānhuà; Wade-Giles: Szŭ-ch'uan-hua, sichuanesisk: ʂːtsʰuən‘huaː) er ein dialekt innan dialektgruppa sørvestmandarin (西南官话), ei grein av det kinesiske språket mandarin.

Språket vert tala av ca 120 millionar menneske i provinsen Sichuan og i byprovinsen Chongqing, og i tilgrensande delar av Hubei, Guizhou, Yunnan, Hunan og Guangxi.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Sichuanesisk har mindre dialektspenn enn alle dei andre mandarinspråk. Men det er mogeleg å gruppera språket i fire dialektar: Minjiangdialekten (岷江小片), Chengdu-Chongqing-dialekten (成渝片), Renshou-Fushun-dialektar (仁富小片) og Ya'an-Shimian-dialekten (雅棉小片).

Minjiang, Ya'an-Shimian og Renshou-Fushun vert tala for det meste i det sørlege og i det vestlege Sichuan der befolkninga i større grad nedættar frå den eldre sichuanesiske befolkning enn dagens befolkning i nordlege eller austlege Sichuan. Desse dialektane har bevart mange særdrag frå bashu (dei gamle sichuanesarane sitt språk), og kallast difor ofte for gamalsichuanesisk. Derimot er Chengdu-Chongqing gjerne kalla nysichuanesisk og har fåe restar etter bashu.