Siddis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Siddis er ei nemning brukt om personer frå Stavanger sentrum, eller innanfor bygrensa frå før 1965. Den 1. januar 1965 vart tidlegare Madla kommune og størstedelen av Hetland kommune del av ein større Stavanger kommune. Etter kvart har nemninga «siddis» vorte nytta om folk som bur elles i Stavanger kommune.

Nemninga siddis skal i fylgje lokalhistorikar Reidar Frafjord ikkje ha kome i vanleg bruk før kring 1950. Ordet kan ha opphav i engelsk språk, «citizen», eller borgar. Ordet kan òg ha kome av nemninga iddis, ein etikett på hermetikkboksar. Før oljealderen var Stavanger kjend som ein by med mykje hermetikkindustri.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]