Sidmouth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sidmouth

SidmouthBeach.JPG
Plassering
Sidmouth is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Devon
Distrikt East Devon
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

14 400
Koordinatar 50°41′″N 3°14′″WKoordinatar: 50°41′″N 3°14′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer EX10
Telefon-retningsnummer 0 1395
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sidmouth

Sidmouth er ein by i grevskapet Devon i England. Han har kring 14500 innbyggjarar. Han er administrasjonsby for distriktet East Devon, og ligg omkring 24 km søraust for Exeter. Byen ligg på Jurassic Coast, som er ein verdsarvstad, og turvegen langs sørvestkysten går innom Sidmouth.

Hovudnæringsvegen er turisme. I byrjinga av august kvart år vert det arrangert ein folkemusikkfestival i byen. Det er òg, med tanke på det låge folketalet, overraskande mange butikkar og serveringsstader, og eit stort varehus. Omkring 60 % av innbyggjarane er pensjonistar, sidan byen har eit mildt klima som mange ønskjer å flytte til etter endt arbeidskarriere.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sidmouth var opphavleg ein liten fiskarlandsby, med ei hamn som ikkje hadde noko kommersiell suksess. På byrjinga av 1800-talet vart staden ein fasjonabel badeby for dei øvre klassane, og fleire villaer i georgiansk og regencystil sprang opp. Dei fleste har blitt omgjort til hotell, men det opphavlege utsjånaden er godt bevart.

I 1912 vart Lockyer Observatory and Planetarium innvigd. Det byrja etter kvart å forfalle, og heldt på å bli riven. Lokale entusiastar redda bygningen, og det brukast no til eit utdanningsprosjekt innan naturvitskap og er regelmessig opent for publikum.

Sidmouth var tidlegare knytt til jernbanenettet, men sidelinja dit vart nedlagt i 1960-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]