Hopp til innhald

Signe Iversen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signe Iversen
StatsborgarskapNoreg
Fødd22. desember 1956 (69 år)
Nesseby kommune
Yrkebarnebokforfattar, forfattar
BornAgnete Saba
Debut2011

Signa Iversen (fødd 22. desember 1956 i Nesseby) er ein samisk språkkonsulent og barnebokforfattar. Den første boka hennar, Mánugánda ja Heike («Måneguten og Heike»), som kom ut i 2011, vart i 2013 nominert til det første Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris frå det samiske språkområdet.[1]

Signe Iversen er frå Reppen i Nesseby kommune og arbeider som språkkonsulent ved det samiske språksenteret Isak Saba senteret.[2] Boka skreiv ho til dotter si Agnete Kristin Johnsen då dottera gjekk i småskolen. Seinare tok dottera forteljinga med på skulen og fortalde henne i klassa. Læraren tok deretter kontakt med forfattaren og spurde om ho ikkje kunne senda forteljinga til eit forlag, og etter kvart vart det bok av forteljinga.[3] Boka er illustrert av Sissel Horndal.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «norden.org». Arkivert frå originalen 2013-11-04. Henta 2013-11-01.
  2. www.isaksaba.no
  3. Kan få Nordisk råds litteraturpris. NRK.no, 28. okt. 2013

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]